Velkomen til vakre Rekkedal Gjestegard

Det nydelege tunet vårt ligg nokre minutt frå den fantastiske Hjørundfjorden, som skjer seg inn mellom Sunnmørsalpane sør om Ålesund.

Hjørundfjorden

Håvard Myklebust/Visitalesund

Når eit måltid er mykje meir enn å verte mett.

Vår mattradisjon er basert på lokale råvarer av høg kvalitet, blanda med tradisjon og inspirasjon frå inn- og utland.

Nyt mat og drikke i vårt unike miljø. Stort eller lite lag, vi har stemningsfulle lokale som passar for alle anledningar.

Ta natta på Rekkedal Gjestegard - eller book deg inn på den vakre setra vår mellom majestetiske Sunnmørsalpar.