Velkomen til Rekkedal
Vi held til på ein gamal slektsgard med historiske bygningar heilt tilbake frå 1500-talet. Alle bygningane er totalrenoverte og dannar eit nydeleg tun rundt hagen.
Dei mange spanande husa passar for små og store grupper. Her ruslar gjestane rundt, nyt roa, den gode maten og vinen. Vertskapet fortel om historia og kulturen knytta til garden.
I samarbeid med gjestane set vi opp spennande opplevingar under mottoet
«Når eit måltid er meir enn å verte mett».
Garden har ei historie tilbake til år 500, yngre jernalder. Arkeologiske funn, blant anna i form av mosaikkperler, er gravd fram rett bak Gamlestova, og ligg no på Bergen museum.
Karen Rekkedal og Tov Lerheim er generasjon nr 20 på garden og eig og driv han i dag.
Det var foreldra til Karen, Margrethe og Bjarne Rekkedal, som la om frå gardsdrift med dyr til å ta imot gjestar og servere dei mat. Dette begynte dei så smått med frå 1993, og det vart til slutt eit heiltidsyrke for dei begge.